20 av 28 selde| Nye utsiktsbilder - Moderne leilegheiter over 5 etg. med flott utsyn over Løken! Vassbåren varme, heis, garasje & felles takterrasse.

W Eiendomsmegling presenterer Langebruvegen 23-25. Din nye bolig.

Prisantydning:

2.500.000 - 11.100.000,-

Totalpris:

2.504.934 - 11.817.000,-

P-rom:

37 - 135 m²

Soverom:

1 - 4

W Eiendomsmegling ved Ole Jonny Klopstad Holsen har gleden av å presentere Langebruvegen 23-25

Visninger:

Det er ikke satt opp tidspunkt for fellesvisninger. Kontakt megler for privatvisning.

71% seld! Langebruvegen | Byggjetrinn 2

Ynskjer du å bu vedlikehaldsfritt og med nærleik til natur midt i sentrum?

I Langebruvegen kjem det moderne og funksjonelle leilegheiter over fem etasjar, med gode kvalitetar som vil gjere kvardagen enklare. Her er det kort veg til opplevingar innan kultur og friluftsliv, trening og velvære, butikkar, lege, apotek og det du elles treng i kvardagen. Leilegheitene vert levert med god standard og moderne utføring.

Dei fleste leilegheitene får parkering i garasjeanlegg med heistilkomst i alle etasjar, felles takterrasse med flott utsyn over Løken, vassbåren varme, kvalitetskjøkken frå HTH, tidsriktige bad og golv frå Pergo. Alle leilegheitene er gjennomtenkte og har gode romløysingar frå 36- 137 m2 som gir deg ein behageleg kvardag.

I Langebruvegen bur du tett på «bykjerna» med gangavstand til alt, men samtidig skjerma. Det blir grøne og frodige fellesareal som legg til rette for rekreasjon og leik i eit hyggeleg bumiljø.

Her er det rom for å nyte livet og vere med på det som skjer.

Boliger

BILDEGALLERI

Eiendomsmeglere

Ole Jonny Klopstad Holsen

Ole Jonny Klopstad Holsen

Eiendomsmegler / Daglig leder / Partner

E: ole@wmegling.no

M: 41522029

Prosjektbeskrivelse

Adresse

Langebruvegen 23-25,
6800 FØRDE

EIENDOMSBETEGNELSE

Kommune: Sunnfjord

Gnr. 21
Bnr. 263
Knr. 4647

BELIGGENHET

Langebruvegen ligg sentralt til i Førde sentrum rett «utanfor» hovudkjerna med gå- og sykkelavstand til absolutt alt du treng i kvardagen. Området er under spennande utvikling og vil med tida bli oppgradert, som vil gje ein felles tilhøyrighet til området rundt. Her kan du leve det urbane liv med kafé- og restaurantbesøk, handle i fleire kjøpesenter eller gå ein roleg tur langs Løken. Like ved leilegheitene har du spaavdeling og basseng på Sunnfjord Hotell om du vil unne deg noko ekstra.

GARASJE/PARKERING

Det er avsett 18 plassar til leilegheitene i andre byggetrinn, blokk B. Innkøyring til parkering bli via naboeigedom (Sunnfjord Hotell) sin garasjekjellar. Parkeringsplassane er reservert på den enkelte leilegheit, sjå parkeringsoversikt (prisliste) over kva parkeringsplassar som er reservert dei respektive leilegheiter. Dei som har reservert plassar må ta stilling til om dei ønskjer å kjøpe plassen på tidspunkt ved kjøp av leilegheit. Om ein ikkje ønskjer å nytte seg av reservasjonen, står utbyggjar fritt til å selje denne til andre.

For leilegheiter som har fått reservert HC plass, er det viktig å merke seg at styret skal administrere ei byteordning som sikrar at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til ein tilrettelagt plass. Styret har plikt til å pålegge ein eigar av ein seksjon som eig ein slik HC- plass, og ikkje har behov for denne, å bytte plass med ein som har nedsett funksjonsevne. Tilsvarande gjeld for person i husstanden til eigaren av seksjonen med nedsett funksjonsevne. Det vert forutsett at den som blir funksjonshemma disponerer parkeringsplass i eigarseksjonssameiget og at denne plassen vert stilt til disposisjon til den som gjennom denne byteretten må gi frå seg plassen sin. Det er avsett totalt 3 HC plassar i prosjektet.

Vidare er det avsett plassar til sykkelparkering- sjå parkeringsoversikt og utomhusplan.

Parkering er prosjektert etter minumumsanbefalingar i NBI (Byggforsk). Tilkomst frå leilegheitene til parkeringskjellar via heis og trapperom. Alle veggar, søyler og himling vert levert med ubehandla betongoverflate. Dekke i køyre og parkeringsareal blir brettskurt betong. Det vil bli synlege avløpsrøyr, ventilasjonskanalar, elektriske kablar m v. Ansamlingar av vatn på parkeringsdekke vil førekomme som følgje av avrenning frå bilar mv. Parkeringskjellar er å rekne som eit uteområde og kondensering kan førekomme.

16 parkeringsplassar, med innkøyring frå Langebruvegen, vil vere offentleg parkering, administrert av Sunnfjord kommune.

Det blir tilrettelagt for elbillading slik at det er enkelt for kvar seksjonseigar å kjøpe og få montert sin eigen elbilladar tilknytt sitt eige straumabonnement. Meir spesifikt ligg tilrettelegginga i at det er framlagt kabel frå el-tavle / etasjefordeler for kvar einskild leilegheit og ned til parkeringskjellar. Ladekapasitet til kvar ladar vil vere 7kW / 400 V. Vår elektroentreprenør kan montere eller levere og montere ladar om det er ønskjeleg. Dette kan ein ta opp i kundemøte.

FORSIKRINGSSELSKAP

Bygg og eigedom vil vere forsikra av seljar fram til overtaking. Deretter må sameiget teikne fullverdiforsikring. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.

Leveransebeskrivelse

KJØKKEN

Kjøkkeninnreiing frå HTH med slette lakkerte frontar og integrerte kvitevarer som standard.

Det vert levert med oppvaskmaskin, kjøle-/fryseskåp, steikeomn, og induksjon platetopp frå Siemens, og slimline ventilator frå Røros Metall.

Modellnemningane er SN614X04AE / SR615X00CE, KI38VV20 / KG36VUW20, HB010FBROS, EU611BEF1X, 490-12/B, eller tilsvarande modellar.

For 1- og 2- roms leilegheiter blir det leverte kvite frontar og frittståande kjøleskåp. I 3- 4- 5- roms leilegheiter er det innebygde kjøleskap og her er det tatt ut frontar i ein gråfarge som standard. Fleire andre fargar kan veljast utan pristillegg. Steikeomn er enten integrert i benkeskåp eller i høgskåp alt etter størrelse og plass på kjøkken.

Benkeplater i 30 mm laminat med ei rekke valfrie fargar / mønster. Vask i rustfritt stål frå Franke.

LED-spott benkbelysning er integrert i overskåp. Det er demping på alle skuffer og skapdører og det er med bestikkinnlegg, avfallssortering og ein karusell der det er hjørneskåp.

Høgda på innreiinga er 212 cm. Eventuelt høgare innreiing som tilval.

Det blir gjennomført eigne avklaringsmøte med kjøkkenleverandør som gjer det mogleg for kjøpar å tilpasse innreiinga etter eige ønskje og smak. HTH har eit stort sortiment som kunden kan gjere tilval frå. Ein kan i utgangspunktet ikkje rekne med å kunne gjere endringar på innreiinga som medfører at tilkoplingspunkt for vatn, avløp og avtrekk må flyttast.

Endeleg kjøkkenteikning vil bli utarbeidde av leverandør og i denne prosessen kan det skje ei omflytting av dei enkelte kjøkkenkomponentane og mindre justeringar må påreknast ved detaljert utforming av prosjektet. Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilegheit vil bli utarbeidd og overlevert
på tilvalsmøtet med kvar enkelt leilegheitskjøpar.

Vi tar atterhald om å tilpasse spesifikasjonar til HTH-kjøkken sitt sortiment, slik at spesifikasjon kan avvike frå beskrivelsen /teikningar.

BAD

Baderomsinnreiing type Mono med kvitlakkerte overflater levert av HTH. Innreiing vert levert med varierande omfang alt etter størrelse på leilegheiter og plass på bad. Omfang av innreiing syner på planteikning. Det blir levert heildekkande servant i kvit kunstmarmor og speil med integrert lys. Vidare vert det levert bua dusjveggar/dører som kan slåast inn i hjørne når dusj ikkje er i bruk og vegghengt klosett i kvit porselen med skjult sisterne.

I kundemøte med HTH vert det høve til å gjere endringar på standardleveransen gjennom eigne tilval. Ein må i utgangspunktet rekne med at sanitærutstyret må stå der det er teikna inn.

GARDEROBEFASILITETER

Det vert levert 1 m garderobeskåp pr sengeplass i samsvar med planteikning. Standard garderobeskåp er ca. 100 cm bredt og 210 cm høgt. Det har både hyller og stang for oppheng (kombiskåp). Skåp og skåpdører i kvit farge med slett overflate Entreskåp og skyvedørsgarderobar kan leverast som tilval.

DIVERSE

Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det vil totalt bli ca. 57 bustadseksjonar i sameiget, samt eventuelt offentleg parkering som vert seksjonert som næringsseksjon. Sunnfjord kommune vil eige og drifte næringsseksjonen/
off. parkering. Det vil bli vedtektsfesta at næringsseksjonen kun skal delta i kostnader knytt til drift og vedlikehald som vedkjem denne seksjonen.
Det kan imidlertid skje ei omprosjektering undervegs i byggeprosessen som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget. Om det som følje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget, er kjøpar pliktig å godta dette.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sunnfjord kommune.

Eigedommen består av følgjande gards- og bruksnummer; 21/263, 21/1003, 21/1004, 21/1005, 21/1006 og 21/1007. Eigedomane vil bli samanføya til eit gards- og bruksnummer. Matrikkel for eigedommen vert klar når dette er gjennomført. Bustadane vil få tildelt seksjonsnummer ved seksjonering.

Teknisk beskrivelse

KONSTRUKSJON

Bygningen vert utført med berekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje utførast i betong. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong eller stendarverk av stål/ tre kledd med gips. Enkelte andre veggar har overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt. Øvrige ytterveggar
vert hovudsakleg utført i bindingsverk 250 mm isolasjon. Det kan førekomme synlege søyler i leilegheitene, som ikkje går fram av planteikningar.
Takkonstruksjon får Q-dekke med isolasjon og folietekking over, eventuelt takelement av typen Lett-tak. Takkonstruksjon der det er takterrassar, vil bestå av betongdekke med isolasjon, folietekking og terrassegolv.

Nedsenka himling av gipsplater i alle rom i leilegheiter. Eventuelt systemhimling i boder der det kan vere behov for tilkomst til teknisk installasjon over himling.

Fasadane vert bygde opp som isolert bindingsverk med utvendig kledning av hovudsakleg trepanel, samt innslag med fasadeplater og beslagsplater av metall.

Altanar blir bygde i betong og stål med terrassebord som overflate på golv. Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar
av vatn vil kunne oppstå på overflater og i renner etter regnvêr. Det er tenkt glasrekkverk i stål el. aluminium. Balkong i leilegheit B21, B31 og B41 vil vere heilt innglasa.

Innvendige veggar vert levert som bindingsverk med varierande tjukkleik og med stendarar i tre eller stål. Veggane vert kledd med gipsplater, sparkla, strielagt (slett duk) og måla med 2 strøk , sjå romskjema.

Rørføringar vil i hovudsak vere skjult i veggar eller over himling, men enkelte stader kan det bli nødvendig med innkassingar. Desse er ikkje vist på teikningar.

HEISER

Det er tilkomst til heis i alle etasjar. Frå garasjeanlegg og boder i kjellar kjem ein direkte til den etasjen ein har leilegheit. Heisen (til A-blokk), går også opp til felles takterrasse. Heis stettar krav som båreheis, er stillegåande og av ein type som er berekna som personheis i bustadblokker.

VENTILASJON

Det vil bli montert balansert ventilasjon med eige aggregat i kvar leilegheit, fortrinnsvis plassert i bod. I mindre leilegheiter der det ikkje er teikna bod vil aggregat plasserast i himling i f.eks. entre eller gang, alt etter kvar det er mest ideelt. Anlegget har varmegjenvinning i samsvar med forskriftskrav. Det vert avtrekk frå bl.a. kjøkken og bad / toalett, og friskluft tilført opphaldsrom. Den brukte avtrekkslufta vert ført ut av bustaden via tak.

Felles gangar og trapperom får også balansert ventilasjon. Parkeringskjellar blir utstyrt med avtrekkssystem med CO2-følar.

SANITÆR

Forutan sanitærutstyr på bad vert det levert ferdig tilkopla oppvaskmaskin i kjøkkenbenk, og opplegg for vaskemaskin i bod, eventuelt bad. Fordelingsentral for vatn plasserast fortrinnsvis i vegg i bod dersom det er plass. Planlagt plassering av utstyr kjem fram av teikning. Det vert felles varmtvannsberedar plassert i teknisk rom i kjellar.

Oppvarming av varmtvatnet (springvatn) skjer gjennom fjernvarmesystemet og medfører at det ikkje er behov for eigne varmtvannsberedarar i leilegheitene, noko som er plassbesparande.

BRANNSIKRING

Brannsløkkingsutstyr i samsvar med forskrifter. 1 stk. brannsløkkingsapparat vert levert i kvar leilegheit. Brannalarm i samsvar med forskriftskrav.

DØRER OG VINDUER

Innvendige dører har kvit slett overflate. Lette formpressa dørblad og karmar i kvitmåla furu. Dørvridar i stål. Modelltype Sletten frå Bygg 1 eller tilsvarande, farge NCS S0500-N (Klassisk hvit).

Entrédør i lakkert utføring frå fabrikk med slett overflate og «dørkikkert». FG-godkjend tryggleikslås vert levert. Bygget får eit felles låsesystem der kvar seksjonseigar har ein nøkkel som passar til alle dører der ein skal ha tilgang, det vere seg hovudinngangsdør, entredør, boddør i kjellar, postkasse, m.m. For port til garasje blir det utlevert 1 stk fjernkontroll til kvar leilegheit.

Vindauge med energiglas av god kvalitet. Vindauge er av tre med utvendig aluminiumskledning. Innvendig karmar vert leverte ferdig måla kvite frå fabrikk, fargekode S0500-N. Innvendig vindaugsforing med gerikt. 3-d Illustrasjonar kan vise avvikande løysing med tilsynelatande listefri utføring.

BODLØSNINGER

I tillegg til bod i leilegheita får kvar leilegheit 1 stk. sportsbod plassert i parkeringskjellar eller fellesareal. Boder er på ca. 2,5 kvm, evt. 5 kvm, avhengig av storleik på leilegheita. Sjå oversikt over kva bod som følgjer dei respektive leilegheiter. Bodene vert levert med med front og deleveggar i stål, evt tre, med spalte til tak for ventilering og dører som kan låsast.

Boder i parkeringskjellar er å rekne som utemiljø, og kondensering kan difor førekomme. Ein bør difor vere varsam med å lagre organisk materiale i disse.

PORTTELEFON OG ADGANGSKONTROLL

Det vert montert ringetablå ved hovudinngangsparti og calling-anlegg med automatisk låsopnar i kvar leilegheit. Det vert også leverte ringeknapp utanfor kvar leilegheit. Ønskjer ein videofunksjon kan det leverast som tilval.

KABEL-TV/BREDBÅND/TELEFONI

TV-anlegg vert basert på fiber. Utbyggar inngår kollektivt abonnement med breiband og TV-leverandør der alle seksjonane er forplikta å delta. Her inngår fibernett (breiband) med trådlaus Wi-Fi i kvar leilegheit og kanalpakke / strømmeteneste for TV. I tillegg er det med eitt fast fiberpunkt i kvar leilegheit.

Standard abonnementet kan tilpassast av den enkelte innanfor prisramma. Kvar enkelt kan også oppgradere sitt abonnement. Dei som oppgraderer abonnementet blir fakturerte for tilleggskostnaden direkte av nettselskap.

I ein periode vil det vere bindingstid på abonnementet før sameige kan velje annan leverandør. Fordelen med å velje ein felles leverandør er at prisen blir lågare og alt er ferdig installert ved innflytting utan at kjøpar må ordne med eige abonnement og installasjon. I tillegg blir det gjeve god brukarinformasjon og oppfølging.

Energi

EL-ANLEGG

Kvar leilegheit vert installert etter NEK2010/18. Elektrisk anlegg ligg generelt skjult i leilegheitene, bortsett frå betongveggar der det kan bli ope anlegg, samt på veggar som er leilegheitskilje.

Det er med taklamper i alle rom med unntak av stove. Her er det brytarstyrd stikkontakt plassert ved vegg.

På bad er det varmekablar i golv. Elles skjer oppvarminga med vassboren golvvarme der fjernvarme er energikjelde. Utvendig er det lampe på balkong / terrasse. All belysning er av led-type. Leilegheitene vert utstyrt med komfyrvakt.

Alle rom får stikkontakt og lampepunkt i samsvar med gjeldande normer og forskrifter.

Det vert installert eige sikringsskåp i kvar leilegheit (bod/evt. gang) med automatsikringar. Straummålar er plassert i eige skap i fellesareal for kvar etasje i lag med elektriske vern for kvar leilegheit. Dette i tråd med gjeldande forskriftskrav. Hovudtavle blir plassert i teknisk rom i fellesareal. Det vert montert standard lamper innvendig og utvendig i fellesareal. Alle lys i fellesareal vert styrt via rørsledetektorar. All straum som vert nytta i felles anlegg / areal går på eige felles straumabonnement.

Det vert montert adresserbart brannvarslingsanlegg for heile bustadkomplekset med felles sentral og med moglegheit for oppkopling til nødsentral. Anlegg vert levert utan avtale med nødsentral.

Elektroentreprenør har kundemøte med kvar kjøpar der det er høve til å tilpasse installasjonen med f.eks. plassering av kontaktar og lampepunkt, og gjere tilval. Dei har i forkant av møte utarbeid forslag til punktplan.

I kundemøte kan ein også oppgradere elektroinstallasjonen med forskjellige smarthus løysingar, alt frå enkle ting til avanserte system. Elektro informerer om tema ut frå interesse til kunde.

OPPVARMING

Vassboren golvvarme i stove, kjøkken, entre og soverom. På bad blir det elektriske varmekablar som regulerer temperaturen raskare. Det vert montert fordelarskåp for golvvarme i kvar leilegheit. Romtemperaturen vert regulert med termostatar. Varmen blir levert via fjernvarmeanlegg (Førdefjorden Energi). Det vert montert energimålar i kvar leilegheit for avlesing av energiforbruk for oppvarming. Det vert også målarar der ein kan lese av forbruket av varmt tappevatn (forbruksvatn). Målarane kan fjernavlesast av sameige.

Kjøpsbetingelser

PRISINFORMASJON

Sjå vedlagt prisliste.
Seljar har rett til, utan varsel, å endre prisen på leilegheiter som ikkje er selde. Prisar på selde leilegheiter vert ikkje indeksregulert i byggeperioden.

TILVALG OG ENDRINGER

Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standardleveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar. Oppgjer for evt. endringsarbeid skal skje gjennom meklar.

BETALINGSBETINGELSER

10% ved underteikning av kontrakt
40% ved tett hus
40% ved klart til måling
10% ved overtaking

Prosentsats er av kjøpesum.

SALGSBETINGELSER OG KJØPETILBUD

Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå budskjema.

VIKTIG INFORMASJON

Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast
inn nokon del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.

Er det i avtala teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustadar eller løyve om igangsetting, er det likevel tilstrekkeleg at utbyggjar stiller garantien straks etter at atterhaldet fell vekk, men utbyggjar skal i alle tilfelle stille garantien før byggestart.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot frå meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.

AREALBEREGNINGER

Sjå planteikningar og prisliste for arealopplysingar for kvar enkelt leilegheit. Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, saman med innvendige boder og veggar, yttervegg er ikkje medrekna. I tillegg vert det oppgjeve P-rom som er leilegheitene sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.

Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan derfor førekomme.

Sjå vedlagte planteikningar for meir detaljerte mål på leilegheitene. Vedlagte 3D-teikningar er kun meint som illustrasjonar og dannar ikkje grunnlag for avtalen eller er bindande for seljar.

FORBEHOLD FRA UTBYGGER

Forventa byggjetid for byggjesteg 2 er ca. 18 mnd frå oppstart betong plan 1 bygg B. Vidare er byggjestart avhengig av at ramme- og igangsetjingsløyve vert gitt frå myndigheitene, samt at avtale for opparbeiding av kvartalsleikeplass er sikra.

Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si sakshandsamingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/ innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.

Begge partar er innforstått med at leveransen kan bli påvirka direkte eller indirekte av sjukdom eller epidemirelaterte tiltak frå styresmaktene som følge av virussjukdommen Covid-19 og som følge av krigen i Ukraina. Partane er einige om at hindringar for utøving av partane si yting som skuldast Covid- og krigsrelaterte forhold (også som manglande eller for sein tilgang på varer og arbeidskraft) er å rekne som eit forhold utanfor partane sin kontroll (force majeure), sjølv om risikoen er kjent på avtaletidspunktet. Den part som vert ramma er plikta å gjere det som er kommersielt forsvarleg for å overkomme hindringa.

Det kan førekomme avvik mellom byggespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakt som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.

Bustadane vert levert i byggereingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask før eigen innflytting.

Alle opplysningar i denne salsoppgåva er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at seljar har rett til å føreta slike endringar. Døme på slike endringar kan vere innkassing av tekniske anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande.

Seljar tek atterhald om retten til å organisere parkering og boder på den måten som han ser som mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiget sitt fellesareal med dertil tilhøyrande bruksrettar, seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseigedom.
Seljar står fritt til å endre leilegheitsnummer i prosjekteringsprosessen. Seljar tek og atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane.

Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.

Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Seljar tek atterhald om å føreta justeringar i kontrakten som følgje av offentlege krav m.m. Vidare har seljar høve til å avvise bod frå interessentar som måtte motsetje seg å bruke, eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt.

Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt namn. Dersom kjøpar ikkje ønskjer tinglysing av skøyte, må han ta atterhald om dette i mellombels kjøpsavtale/bod. Ved eventuell endring i eigarskap/namneendring frå kjøpar si side etter bod/aksept vil det tilkomme administrasjonskostnader til meklar på kr. 15.000,- inkl. mva som innbetalast til meklar sin driftskonto. Eventuell endring krev utbyggjar sitt samtykke.

Seljar tek atterhald om retten til å gjere kredittvurdering av kjøpar. Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette
medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram gyldig legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.

Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransespesifikasjon og prospekt. Teikningar, bilete, animasjonar m.m. er av illustrativ karakter, og er i tillegg nedfotografert. Vi gjer merksam på at-bilete og teikningar/3D teikningar i salsoppgåva er illustrasjonar, avvik kan førekomme.

Om Sameie

ORGANISASJONSFORM

Ifølgje lov om eigarseksjonar, §23, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.

Utbyggar vil stifte sameiget før innflytting.

Det er ikkje valt forretningsførar for sameiget. Utbyggar vel forretningsførar for ein periode på to år ved etablering av sameiget. Vidare må sameiget ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert.

Andre byggetrinn består av 28 sjølveigde leilegheiter i eit bygg. Første byggetrinn består av 29 leilegheiter, og ferdig utbygd vil sameiget bestå av 57 leilegheiter

VEDTEKTER/HUSORDENSREGLER

Det er utarbeidd vedtekter for sameiget. Desse vert gjeldande inntil sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal i sameiget. Ifølge vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.

Økonomi

INFO FORMUESVERDI

Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gongs kjøpesum.

KOMMUNALE AVGIFTER

Kommunale avgifter inngår ikkje som del av fellesutgifter og vert fakturert kvar enkelt seksjon 4 gongar i året.
Årlege gebyr ifølge Sunnfjord kommune per 2022:
Vatn pr år kr: 1 610,-
Avløp pr år: 1 963,-
Målt forbruk vann og avløp (kr/m3): Vatn 12,41
Avløp: 20,58
Renovasjon pr. år: 3 792,- (ved bruk av behaldar på 140 liter)

FORSIKRINGSSELSKAP

Bygg og eigedom vil vere forsikra av seljar fram til overtaking. Deretter må sameiget teikne fullverdiforsikring. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.

FELLESKOSTNADER INKLUDERER

Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget (ikkje innbu), drift av fellesareal, rekneskapsføring/ forretningsførsel, drift av heis, snømoking/ brøyting, vaktmeister, vegrett/ drift av veg naboeigedom m.m.

Næringsseksjonen/ offentleg parkering vil ikkje delta i kostnader knytt til snømoking, drift av fellesareal, drift av heis, vaktmeister mv., utan at dette har direkte relevans for drift av seksjonen og er avtalt direkte med Sunnfjord Kommune (seksjonseigar).

Oppvarming via vassboren varme og evt. kostnader knytt til fiber/breiband/TV er ikkje del av felleskostnadane, men vil bli fakturert gjennom sameiget

Erfaringsmessig vil fellesutgiftene utgjere om lag 30-35 kr. pr. kvm. BRA. pr. mnd, avhengig av kor mange ytingar sameiget rekvirerer. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon.

Sameiget er pliktig i å delta i drift og vedlikehald av privat veg over naboeigedom (tilkomstsveg til parkeringskjellar). For denne retten betalar sameiget kr. 20.000,- årleg+ indeksregulering.

Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameiget sitt konstituerande sameigemøte.

Sameiget er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameiget pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.

For å sikre god likviditet i sameiget skal kjøparar betale inn kr. 5.000,- i likviditetsinnskot til sameiget ved stifting av dette.

INFO EIENDOMSSKATT

Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt fram til 01.01 året etter overtaking. Eigedomsskatten blir deretter
på 6,0 promille (gjeldande ihht. sats 2022).

Offentlige forhold

TINGLYSTE HEFTELSER OG RETTIGHETER

Utbyggar har rett til tilknyting frå eigne og andre sine eigedommar til dei private veg- og leidningsanlegg som er opparbeida av utbyggar. Eventuell refusjon for tilknyting til slike anlegg tilfell utbyggjar. Tomteselskap, kommune, elektrisitetsverk m.m., har tilgang til utan vederlag å leggje leidningar for vatn, overvatn, avlaup, kablar m.m. på sameiget sin eigedom, og til å plassere naudsynte hydrantar og sluk på tomta etter dei til ei kvar tid gjeldande planar. Dei leidningar m.m. som ligg i tomta kan når som helst og utan vederlag gravast opp for reparasjon og vedlikehald.

Det vil vidare verte tinglyst avtale på naboeigedommar som sikrar rett til køyreveg over Sunnfjord Hotell sine eigedommar for tilkomst til sameiget sin parkeringskjellar. Denne avtalen vil forplikte sameiget til å betale kr. 20 000,- pr. år + indeksreg. for retten, samt for drift og vedlikehald av vegen.

REGULERINGSPLAN OG RAMMETILLATELSE

Eigedommen er regulert til bustadføremål og offentleg parkering i plan av Langebruvegen 23 og 25 med planID 14322019003. Ein gjer merksam på
at tiltak 12 i Førdepakken er i gangsett og arbeida vil etter planen vere avslutta innan ferdigstilling av Blokk-B. Tiltaket vil knyte Øyrane og Langebruvegen med bru over Løken.

Ein gjer også merksam på at Sunnfjord Hotell er under fornying og påbygging i fløy mot nord. Påbygginga er prosjektert med ein ytterlegare etasje. Reguleringsplan for Sunnfjord Hotell med ID 4647_20200028 er vedteken 25.03.2021.

Ta kontakt med meklar for kopi av reguleringsplan og plankart.

ADGANG TIL UTLEIE

Ifølge vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.

VEI, VANN OG AVLØP

Offentleg vatn- og kloakksystem.

Megler

MEGLERFORETAK

W Eiendomsmegling Sunnfjord AS
Hafstadvegen 23
6800 FØRDE
Org.nr. 926 591 126

Vedlegg

Ole Jonny Klopstad Holsen

Ole Jonny Klopstad Holsen

Eiendomsmegler / Daglig leder / Partner

E: ole@wmegling.no

M: 41522029